JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Alejandra Berg, nestleiar i klubben på kundesenter; Kateryna Igoreva, tillitsvalt i klubben på kundesenteret; Fawsi Adem, hovudtillitsvalt i konsernklubben; Paal Flatabø, hovudtillitsvalt i klubben på kundesenteret; og John Thomas Suhr, avdelingsleiar i Oslo/Akershus Handel og Kontor.

Alejandra Berg, nestleiar i klubben på kundesenter; Kateryna Igoreva, tillitsvalt i klubben på kundesenteret; Fawsi Adem, hovudtillitsvalt i konsernklubben; Paal Flatabø, hovudtillitsvalt i klubben på kundesenteret; og John Thomas Suhr, avdelingsleiar i Oslo/Akershus Handel og Kontor.

Tormod Ytrehus

Ikea-tilsette protesterer mot søndagsopent: – Søndag er den einaste dagen eg veit er min

Fagforeiningar arrangerte søndag fanemarkering utanfor Ikeas søndagsopne kundesenter på Slependen.
09.09.2018
15:54
21.08.2023 17:14

tormod@lomedia.no

– Hos oss er det veldig vanskeleg å avtale faste arbeidstider. Søndag er ein dag eg alltid veit at er min, seier tillitsvalt Kateryna Bilokin på Ikeas kundesenter på Slependen.

Kateryna har ein familie ho gjerne vil vere saman med på søndagar. Også Alejandra Berg set stor pris på søndagen som ein føreutseieleg fridag ho kan bruke med sambuar og vennar.

– Søndag er den viktigaste dagen min. Det er den dagen eg får tid og moglegheit til å gjere dei tinga som er viktige for meg. Sambuaren min jobbar skift, så det er den einaste dagen vi veit at vi kan vere saman, treffe vennar og kose oss, seier Berg, som er nestleiar i klubben.

Saman med klubbleiar Paal Flatabø har dei møtt opp utanfor arbeidsplassen sin i Asker, like ved Ikeas varehus. Dei protesterer mot at arbeidsgivaren held kundesenteret opent, trass i at fagforeininga meiner det er ulovleg.

Ikea holder søndagsåpent tross uenighet om det er lovlig. Nå mobiliserer fagforeninger til protest

Ueinig om det er lovleg

Arbeidsmiljølova seier nemleg at søndagsarbeid berre er lovleg om arbeidets art gjer det nødvendig. Kundesenteret treng ikkje ha opent på søndagar, meiner dei tillitsvalte i LO-forbundet Handel og Kontor.

LOs juridiske avdeling er einig og har varsla at dei kjem til å stevne Ikea for retten om dei ikkje sluttar med søndagsopent. Dei skal i eit møte med arbeidsgivarorganisasjonen Virke veka som kjem, men likevel held Ikea altså opent.

– Dei tenker berre på profitt. Eg kjenner ikkje igjen bedrifta eg har jobba i dei siste femten åra. Det er trist – eg blir nesten på gråten, seier Alejandra.

Men det varmar hjartet hennar å sjå at folk støttar kravet deira om søndagsfri. Det viser at dei ikkje står aleine, seier ho.

I overkant av førti personar møtte opp i ausande regnvêr på markeringa søndag formiddag, i regi av Oslo/Akershus Handel og Kontor, LO i Oslo og LO i Asker og Bærum.

FriFagbevegelse talde ti faner, frå klubbar og foreiningar innanfor Handel og Kontor, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, Utdanningsforbundet, EL og IT Forbundet, Norsk Tjenestemannslag og Fellesforbundet.

(Artikkelen held fram under bildeserien)

Ikea: – Innanfor lova

På fanemarkeringa møter FriFagbevegelse også på leiaren for kundesenteret. Janne Engeskog har kome ut frå kontoret for å helse på demonstrantane.

– Vi meiner at vi har hatt ein god prosess med dei tillitsvalte. Dei har vore med i arbeidsgrupper og møte heile tida, og vi er veldig trygge på at vi er innanfor arbeidsmiljølova, seier Engeskog.

– Det viktigaste for oss no, er å møte kundenes forventingar til kortare leveringstid. Det er den type oppgåver vi gjer her på kundesenteret no: administrative oppgåver som må gjerast sju dagar i veka, seier ho.

– Kva er det dei tilsette gjer på søndag som dei ikkje kan gjere andre dagar i veka?

– Dei gjer desse oppgåvene til vanleg også, men fram til no har dei ikkje gjort det på søndagar. Det har gjort at leveringstida på varane ut til kundane har blitt mykje lenger enn det kunden faktisk forventar i dag. Brorparten av oss forventar jo å få varar i løpet av tre dagar. Det klarer vi ikkje å møte no.

Engeskog seier det er heilt frivillig å jobbe søndagar. Ho opplyser om at dei har sendt ut ei undersøking til alle tilsette, med spørsmål om dei ville jobbe søndag. Ifølge Engeskog var det 50 som svarte ja og 22 som svarte nei.

Ikea vil at ansatte på kundesenteret skal jobbe på søndager. De ansatte mener planen er ulovlig

– Ikkje frivilleg

Hovudtillitsvalt Paal Flatabø peikar på at det totalt er 180 tilsette på arbeidsplassen. Det betyr at om 50 personar har sagt ja til å jobbe søndag, er framleis eit stort fleirtal mot.

Dei tillitsvalte meiner dessutan at ein vanskeleg kan kalle arbeidet heilt frivilleg. Dei fortel at nokre har lyst og moglegheit til å jobbe søndag. Men mange er også redde for konsekvensane om dei seier nei.

– Vi har mange som er ny i arbeidslivet, blant anna deltidstilsette, som ikkje har erfaring og ikkje veit kva dei kan kreve, seier Kateryna Bilokin.

– Det er ikkje alle som er her i dag som vil vere her – det har dei ringt til oss og sagt. Dei driv med splitt-og-hersk-taktikk, der dei set medlemmer opp mot klubben, seier konserntillitsvalt Fawsi Adem i Ikea.

Adem seier også at nokre av dei som jobbar på kundesenteret denne søndagen, har blitt kalla inn til å jobbe overtid. Utan at dette er drøfta med tillitsvalte. Det meiner han viser at Ikea ikkje bryr seg om partssamarbeidet.

(Artikkelen held fram under bildet)

Fawsi Adem, hovudtillitsvalt i konsernklubben til Ikea.

Fawsi Adem, hovudtillitsvalt i konsernklubben til Ikea.

Tormod Ytrehus

Lover at dei ikkje gir seg

Konserntillitsvalt Adem meiner dette er symptomatisk for samarbeidet med Ikea.

– Vi har veldig gode samtaler, men samarbeidet manglar. Dei tolkar lovverk ut frå kva dei sjølv meiner er riktig. Når dei ikkje vinn fram, set dei partssamarbeidet til side og går rundt dei tillitsvalte, seier han.

Adem viser til at Ikea no bryt bestemminga i tariffavtalen om at ein ikkje kan iverksette endringar i vaktskjema før dei har forhandla med dei tillitsvalte og det har gått fire veker. Dette er spelereglane, seier han.

– Det er som ein fotballkamp. Ein kan ikkje ha spelarar som spring rundt og taklar som dei vil. Då er det ein dommar som blåser av. Her spelar dei som om dei er både spelar og dommar på ein gong. Det er synd medlemmene våre ikkje får sjå alt rotet som skjer bak lukka dører, seier han oppgitt.

Nå advarer han Ikea om at om Handel og Kontor ikkje kjem til å gi seg på denne saka.

– Vi kjem til å ta ut stevning. Om dei verkeleg meiner dei kan køyre over tariffavtala, er det viktig at dei står for det i Arbeidsretten. For dette køyrer vi heilt til Arbeidsretten, om det held fram, seier Adem.

– Om dei har opent ein søndag til, kan eg love at vi kjem til å ha ein større markering enn dette. Vi skal sørge for at det er den største markeringa HK har hatt, slår han fast.

Butikk-ansatte hadde ikke garanti for arbeid og inntekt. Nå rydder Coop Hordaland opp

Dette sier loven om søndagsarbeid

• Det skal være arbeidsfri fra klokka 18.00 dagen før en søndag eller helgedag og til klokka 22.00 dagen før neste virkedag. Jul-, påske- og pinseaften skal det være arbeidsfri fra klokka 15.00 til klokka 22.00 dagen før neste virkedag. Arbeid innenfor disse tidsrom regnes som søn- og helgedagsarbeid.

• Arbeid på søn- og helgedager er ikke tillatt med mindre arbeidets art gjør det nødvendig.

• Arbeidsgiver skal drøfte behovet for søn- og helgedagsarbeid med arbeidstakernes tillitsvalgte før det iverksettes.

• I virksomhet som er bundet av tariffavtale kan arbeidsgiver og arbeidstakerens tillitsvalgte inngå skriftlig avtale om arbeid på søn- og helgedager dersom det foreligger et særlig og tidsavgrenset behov for dette.

• Arbeidsgiver og arbeidstaker kan slutte skriftlig avtale om arbeid på søn- og helgedager utenom de tilfeller som er nevnt i denne paragraf, mot tilsvarende fri på andre dager som i henhold til arbeidstakerens religion er helge- eller høytidsdag. Slik avtale kan inngås uten hensyn til bestemmelsene i paragraf 10-8 fjerde ledd.

Kilde: Lov om arbeidsmiljø

09.09.2018
15:54
21.08.2023 17:14

Dette sier loven om søndagsarbeid

• Det skal være arbeidsfri fra klokka 18.00 dagen før en søndag eller helgedag og til klokka 22.00 dagen før neste virkedag. Jul-, påske- og pinseaften skal det være arbeidsfri fra klokka 15.00 til klokka 22.00 dagen før neste virkedag. Arbeid innenfor disse tidsrom regnes som søn- og helgedagsarbeid.

• Arbeid på søn- og helgedager er ikke tillatt med mindre arbeidets art gjør det nødvendig.

• Arbeidsgiver skal drøfte behovet for søn- og helgedagsarbeid med arbeidstakernes tillitsvalgte før det iverksettes.

• I virksomhet som er bundet av tariffavtale kan arbeidsgiver og arbeidstakerens tillitsvalgte inngå skriftlig avtale om arbeid på søn- og helgedager dersom det foreligger et særlig og tidsavgrenset behov for dette.

• Arbeidsgiver og arbeidstaker kan slutte skriftlig avtale om arbeid på søn- og helgedager utenom de tilfeller som er nevnt i denne paragraf, mot tilsvarende fri på andre dager som i henhold til arbeidstakerens religion er helge- eller høytidsdag. Slik avtale kan inngås uten hensyn til bestemmelsene i paragraf 10-8 fjerde ledd.

Kilde: Lov om arbeidsmiljø