JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Martine Moen søkte jobb i fagforbundet Delta. Ho vart overraska då ho fann ut at dei kun var interessert i innleige gjennom bemanningsbyrå.

Martine Moen søkte jobb i fagforbundet Delta. Ho vart overraska då ho fann ut at dei kun var interessert i innleige gjennom bemanningsbyrå.

SV

Martine (24) ville jobbe i fagforbund, men fekk beskjed om at innleige var einaste alternativ

– Parodisk, seier HK-medlem Martine Moen om fagforbundet Delta si bruk av innleige frå bemanningsbyrå.
05.08.2019
12:59
21.08.2023 17:14

tormod@lomedia.no

– Fagrørsla har stått på barrikadane i årevis for å styrke arbeidarane og særleg unge sine rettar, og trygge jobbar har vore eit urokkeleg krav. Medan store delar av fagrørsla ønsker å forby bemanningsbransjen, vil Delta legge ytterlegare til rette for eit useriøst arbeidsliv, seier Moen.

LES OGSÅ: Bensinstasjonsansatte tjener nesten 3.000 kroner mindre i måneden enn butikkansatte. Nå krever de høyere lønn

Overraskaskande

I juli søkte ho på ein jobb som rådgivar i fagforbundet Delta og reiste til Oslo på intervju, der ho skal starte på masterutdanning i statsvitskap til hausten.

– Som statsvitskapstudent er det klart det hadde vore ei lærerik erfaring å jobbe i eit fagforbund, seier ho.

Overraskinga var stor då ho oppdaga at ingen representantar frå Delta deltok på intervjuet, berre bemanningsbyrået Academic Work. Dei skal ha sagt at fagforbundet berre var interessert i innleige gjennom bemanningsbyrå.

Delta er det største fagforbundet i hovudorganisasjonen YS, med sine over 81.000 medlemmer i offentleg sektor.

– Eg tok det for gitt at eit fagforbund som organiserer statleg og kommunalt tilsette opererer med ordna forhold, seier Moen.

Parodisk

Stillinga er eit såkalla engasjement med arbeid for Delta si rådgivingsteneste «Delta Direkte», som svarer på spørsmål frå medlemmer og tillitsvalde kvar kvardag mellom klokka 08.00 og 20.00. Utlysinga rettar seg mot studentar som er «fleksibel i forhold til arbeidsdager og arbeidstider».

I stillingsutlysinga er derimot Academic Work Norway AS oppgitt som arbeidsgivar. Det svenskeigde bemanningsbyrået selde arbeidskraft for over 203 millionar kroner i Norge i fjor.

Moen synest det er dobbeltmoralsk at Delta står på krava for eigne medlemmer, men sjølv bruker bemanningsbyrå og mellombelse stillingar. Ho peikar på at delen fagorganisert ungdom er låg og at ungdom er særleg utsette for brot på arbeidsrettane sine.

– Det er parodisk at ein arbeidstakarorganisasjon som skal bistå sine medlemmer i arbeidslivet, behandlar sine eigne tilsette på denne måten. Dette føyer seg inn i ei omfattande utnytting av unge arbeidstakarar, seier 24-åringen.

Saka held fram under bildet.

Skjermdump

Moen er sjølv organisert i Handel og Kontor i Norge. Ho er dessutan listekandidat for Agder SV.

– Bemanningsbransjen bør forbys fordi vi gang på gang ser at den bidrar til å oppretthalde eit useriøst arbeidsliv, der både lønna og delen fagorganiserte blir pressa ned, meiner Moen.

Fungerer godt

Delta svarer overfor FriFagbevegelse at dei leiger inn vikarar frå Academic Work ved korte fråver og under ferieavvikling, men at rådgivingstenesta deira har elles har tilsette med faste og heile stillingar.

– Kvifor leiger de inn tilsette gjennom bemanningsbyrå i staden for å tilsette dei sjølv?

– Academic Work har tilgang til gode kandidatar og er profesjonelle både i rekruttering og oppfølging. Det er ei løpande vurdering Delta gjer i samarbeid med våre tillitsvalde, om vi skal tilsette tilkallingsvikarar sjølv eller om vi skal bruke Academic Work. Vi meiner ordninga fungerer godt for vikarane og for Delta, svarer avdelingssjef for HR og organisasjonsstøtte i Delta, Marte Madslien, i ein e-post til FriFagbevegelse.

Delta har samarbeida med Academic Work i ni år, opplyser forbundet. Ved lengre fråver blir vikarane tilsette direkte i Delta.

Bidrar til fleksibilitet

Dei innleigde er studentar på kontraktar med ei lengde som varierer frå seks til tolv månader. Forbundet har no fem personar som jobbar på tilkalling for Delta gjennom bemanningsbyrået, medan to vikarar er tilsette direkte i Delta.

– Då står dei fritt til å jobbe mykje i feriar og å ikkje ta vaktar i eksamensperiodar, forklarer Madslien.

– Er de ueinig i kritikken om at denne praksisen står i eit motsetnadsforhold til Delta sitt arbeid for trygge jobbar?

– Ja. Dei som jobbar hos oss gjennom Academic Work har jobben som sidejobb, medan masterstudiet har hovudfokus. Ordninga bidrar til å gi dei nødvendig fleksibilitet til å kunne prioritere studia, samtidig som dei får relevant praksis under ordna forhold.

Forbundet viser til at vikarane har same lønns- og arbeidsvilkår som dei fast tilsette, i tråd med lover og reglar, og at fleire av studentane har fått full stilling i Delta etter studia.

05.08.2019
12:59
21.08.2023 17:14