Trygd og pensjon
Slår alarm om trygda og pensjonistar: – Mange eldre som vil lide
Over 45.000 minstepensjonistar lever under fattigdomsgrensa. Jan Davidsen i Pensjonistforbundet mener vi er på full fart inn i eit klassesamfunn.
– Stadig fleire med dei lågare pensjonane får større økonomiske problem. Sånn skal vi ikkje ha det i Norge, seier Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet.
Øystein Windstad
oystein.windstad@fagbladet.no
Davidsen er i dag leiar for Pensjonistforbundet som har 257.000 medlemmar. Tidlegare var han leiar i den største fagforeininga i landet, Fagforbundet.
Der var han med på å sørgje for at tusenvis med lågare løner ikkje enda i fattigdom. Han og Pensjonistforbundet vil ha forhandlingsmakt og sørge for at dei som har minst får meir:
– Vi er utan tvil på full fart inn eit klassedelt samfunn. Stadig fleire med dei lågare pensjonane får større økonomiske problem. Sånn skal vi ikkje ha det i Norge, seier Davidsen.
Han peikar på at dyrtida har forandra spelereglane og føresetnadane for trygdeoppgjeret.
Aktuelt: Trygdeoppgjøret er klart: Slik blir den nye pensjonen din
Stor gruppe fattige eldre
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser blant anna at vi har 45.000 åleinebuande minstepensjonistar som lever under EU si fattigdomsgrense.
I dag er det rundt ein million pensjonistar og 400.0000 som er uføretrygda.
Davidsen var leiar for Norsk Kommuneforbund frå 1993 til 2003. Vidare blei han leiar av Fagforbundet frå 2003-2013. Han peikar på debatten på 90-talet om frykta for to-tredjedelssamfunnet med klasseskiller:
– I eit slikt samfunn dreier all politikken seg om dei to tredjedelane og at den siste tredjedelen får klare seg sjølve. Det er dette samfunnet vi er på full veg inn i med begge beina.
– Får dette utvikle seg over tid, vil det skape store forskjellar og store problem for dei med lågare og mindre pensjonar. Då er det mange eldre som vil lide, seier leiaren av Pensjonistforbundet.
Les også: Slik blir auken i pensjonane bestemt
Vil ha forhandlingsmakt
Kvart år aukar pensjonane i takt med snittet av lønsauke og prisvekst. Når regjeringa har kome fram til ein prosentsats for auka pensjon, er det ferdig snakka utan noko vidare forhandlingar. Det fører til at dei som har hatt høge inntekter, vil få ein god pensjon. Samtidig vil lønsforskjellane frå arbeidslivet bli forsterka.
I dag er det 130.000 einslege minstepensjonistar i landet. Dei får 257.000 å leve for i året. Då Davidsen forhandla på vegner av Fagforbundet, fekk han gjennomslag for at delar av lønsoppgjeret skulle få ein sosial profil.
Desse oppgjera blir av mange forskarar peika på som forklaringa på korfor vi ikkje har ei stor gruppe med arbeidande fattige i Norge. Davidsen og Pensjonistforbundet ønsker ei reform som gjer at når regjeringa kjem fram til sitt tal for pensjonsauke, er vi ikkje like ferdig snakka som i dag. Det er denne reforma han vil bruke for å løfte tusenvis av eldre ut av fattigdom.
Vil ha sosial profil på pensjonen
Pensjonistforbundet ønsker at deira 257.000 medlemmer skal kunne forhandle med regjeringa om ein sosial profil på pensjonen.
På same vis som då Davidsen forhandla for Fagforbundet, skal pensjonistane kunne forhandle. Blant anna om friske midler til ein pott som skal kunne gå til blant andre minstepensjonistane som lever under fattigdomsgrensa:
– Vi treng å ha ei moglegheit til å forhandle og drøfte kva profil vi skal ha og kva tiltak som kan sikre interessene til dei med lågare pensjonar. Skal vi kunne motverke eit klassedelt samfunn, må vi ha ei heilt anna gjennomtenking av eldrepolitikken. Både når det gjeld nivåa på pensjonen og korleis pensjonen blir regulert.
BESTEMMER: Det er blir opp til partia på Stortinget å avgjere om dei vil gå tilbake til eit pensjonsystem og forhandlingar slik det var før 2011.
Erlend Angelo
Får støtte
Til no har SV, Rødt, Sp og Frp signalisert at dei støttar tanken til Pensjonistforbundet. Gerd Eva Volden er leiar av Pensjonist- og uføreutvalet i Fagforbundet og støttar tanken om forhandlingar av pensjon:
– Vi har grelle historier med folk som ikkje har hatt råd til å fyre og som sat heime i bustadane sine i ti grader i vinter. Det er så mange triste ting du høyrer som ikkje er landet vårt verdig, seier Volden.
Ho understrekar at dei fleste pensjonistar har det bra.
– Men vi får ikkje gjort noko med å jamne ut forskjellane i prosentoppgjeret. Gapet blir ikkje noko mindre. Tenk på at det er tusenvis som har mellom 230-270.000 i årsinntekt og skal klare seg med det, seier Volden.
Fagforbundet vedtok på landsmøtet i 2022 at dei gjennom Pensjonistforbundet skal jobbe for forhandlingsrett for pensjonistane.
130.000 av Fagforbundet sine 410.000 medlemmar er pensjonistar.
Flere saker
300 000 ansatte dropper sosiale jobb-arrangement på grunn av kollegers drikking, ifølge forskning ved Folkehelseinstituttet.
Colourbox
Mange dropper julebord på grunn av kollegers drikking
LO og leder Peggy Hessen Følsvik bryter samarbeidet med NHO og leder Ole Erik Almlid.
Tormod Ytrehus
LO bryter samarbeidet med NHO: – Grovt tillitsbrudd
Kundene har ikke mer lønn å handle for selv om butikkene åpnes en ekstra ukedag.
Brian Cliff Olguin
Høyresida vil ha søndagsåpne butikker, uten å lytte til de som jobber der
NHO og Nina Melsom har ingen tradisjon for å åpne opp for andre krav enn lønn i et mellomoppgjør.
Kasper Holgersen
NHO stenger døra for sykelønn i neste lønnsoppgjør
Handel og Kontor-leder Christopher Beckham og NTL-leder Kjersti Barsok.
Herman Bjørnson Hagen/Leif Martin Kirknes
NTL og HK har blitt enige om hvor medlemmene skal være
Forbundsleder Christopher Beckham er spesielt bekymret for de lavest lønte dersom kutt i sykelønna blir en realitet.
Brian Cliff Olguin