JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Noreg er heller ikkje noko glansbilete for heiltidskultur i dag. Og det siste me treng no er at dei tilsette får eit «tilbod» om 5-timarskontraktar og deltid som standard i norske butikkar, skriv Trine Østereng.

Noreg er heller ikkje noko glansbilete for heiltidskultur i dag. Og det siste me treng no er at dei tilsette får eit «tilbod» om 5-timarskontraktar og deltid som standard i norske butikkar, skriv Trine Østereng.

Ylva Holm Torsteinson

Kommentar

«Velkomen til fattigdomsekspressen. Hilsen H&M»

Kven kan leve av fem timar jobb i veka? 
13.02.2023
08:45
13.02.2023 08:52

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til HK-Nytt på epost til hk-nytt@lomedia.no

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. 

Det blir kvardagen for mange tilsette i den svenske greina av klesbutikken H&M. For å spare pengar har selskapet valt å gjere om dagens stillingar til deltidsstillingar, enkelte nede i fem timar i veka. H&M kallar det eit «tilbod» om ny arbeidstid.

1.500 har fått denne meldinga og må velje mellom om å fortsetje i ein liten stilling, eller å slutte. Nokre av dei dette gjeld har jobba i butikken i over 30 år, nokre i fulltidsjobb.

Kuttet kjem ikkje fordi H&M gjer det spesielt dårleg økonomisk. Dei gjekk med overskot i fjor, og betalte utbytte til eigarane sine. Men når dei forklarer kvifor dei meiner dette er naudsynt, dyttar dei ansvaret ned på kundane og seier at desse no har nye og høgare krav til butikkane.

På toppen har dei valt å lyse ut nye stillingar samtidig som dette foregår, i form av jobb som tilkallingsvikar med null timar garantert arbeidstid i veka.

Diverre er det ikkje berre våre naboland som har butikkar med deltidsjobbar som fyrsteval. Også i Noreg ser me butikkjeder aktivt bruke deltidstilsette som tilsettingsstrategi.

Eit søk etter jobb som «butikkmedarbeider» på finn.no i dag, viste 229 deltidsstillingar og 98 heiltidsstillingar. Butikkjeda Zara har for eksempel hatt som strategi å ha ein standardkontrakt på seks timars arbeid i veka for sine tilsette.

I fjor laga Tankesmien Agenda ei undersøking for Handel og Kontor som viste at 46 prosent av dei som jobbar deltid i varehandelen seier dei ikkje har valt dette sjølv. 4 av 5 i denne gruppa var kvinner. 4 av 5 i denne gruppa har også prøvd å ta opp med arbeidsgivaren sin at dei ynskjer større stilling.

For denne gruppa har deltidsarbeidet ein høg pris. Det er langt vanskelegare å kome seg gjennom dyrtid utan ei heil lønn. Framtidig pensjon blir mindre. Og mange blir avhengige av ein partner som kan trygge dei økonomisk. Nokre er studentar og jobbar deltid ved sidan av utdaning, men studentar utgjer berre ein av fire av dei som jobbar deltid i Noreg i dag.

For fellesskapet er alle desse arbeidstakarane som kunne ha jobba meir, men som ikkje får lov til å jobbe meir, tapte arbeidskraftressursar. Mindre arbeidskraft brukt blir også mindre skattepengar betalt. I perspektivmeldinga rekna finansdepartementet på dette og fann ut at om berre ein firedel av dei som jobbar deltid hadde jobba heiltid, hadde fellesskapet fått eit auka handlingsrom på 30 milliardar i 2030.

Å legge til rette for heiltid for alle som vil, er eit viktig samfunnsansvar, fyrst og fremst for tryggleiken til den enkelte arbeidstakar, men også for fellesskapet.

Å legge til rette for heiltid er óg eit samfunnsansvar bedriftene må ta, i større grad enn i dag. Der gjer dei ikkje nok. Eit eksempel på dette er å finne i Norgesgruppens årsrapport for 2021. Her skriv dei om å basere arbeidet på deltidsstillingar som noko positivt, når dei skriv «Norgesgruppen tilbyr og støtter et mangfaldig arbeidsliv med høy grad av fleksibilitet. (…) Deltid er viktig for å gi ansatte mulighet for fleksibilitet.»

Det er grunn til å spørje om det alltid er dei tilsette dei tenkjer på når butikkar riggar opp for deltid som standard.

I vår undersøking fortel deltidstilsette om korleis det går ut over fritid og moglegheit til å planlegge framover, når dei alltid må vere klare for å kaste seg rundt til neste vakt, neste gong sjefen spør. Eit HK-medlem som jobba i varehandel beskreiv kvardagen med deltid på denne måten:

– Har kun 50 prosent, men jobber de fleste uker 80-100 prosent med ekstra vakter. Er fint å kunne få de ekstra timene for pengene sin del, men er frustrerende at jeg aldri vet hvilke vakter jeg kommer til å jobbe neste uke. Er også vanskelig å ha et ordentlig sosialt liv på fritiden når jeg ikke vet hvilke dager jeg jobber tidlig eller sent.

Eit anna medlem har ei tilsvarande erfaring:

– Lista med baksider er veldig mye lengre enn med fordeler. Må ta på meg ekstra så ofte jeg kan, og det er vanskelig å være først ute til å svare på en ledig vakt når barnevakt må avklares fordi samboer er på seinvakt for eksempel.

Heiltidskultur handlar også om å organisere arbeidet på ein måte som gjer det fysisk mogleg å stå i full stilling, til pensjonsalder. I nokre sektorar er arbeidet såpass hardt at helsa seier stopp for full jobb før ein når pensjonsalder. Varehandel er ein av dei, mellom anna på grunn av hardt fysisk arbeid på harde gulv. Det er også eit samfunnsproblem. Arbeidstakarar skal ikkje vere ein ressurs som arbeidsgivarar kan ha eit bruk- og kast-forhold til.

Skrekkeksempelet frå H&M i Sverige viser oss at deltidsproblematikken er eit tema som treng politisk regulering. Nokre av desse butikkane er store multinasjonale selskap med klare profittmotiv. Då er ikkje tru og håp om at dei vil behandle folk fint nok av seg sjølv. Det må reglar til.

For nokre år sidan blei det stramma inn for å kunne bruke nulltimarskontraktar her i landet. Før jul vedtok Stortinget regjeringas forslag om å lovfeste heiltid som standard i arbeidslivet. Arbeidsgivarar må aktivt dokumentere behovet for å tilsette i deltid, og drøfte dette med tillitsvalte. Det er viktige steg i rett retning, og viser at Noreg har betre vern av arbeidstakarar på dette området enn i Sverige.

No må lovverket følgast tett framover, for å sikre at ho fungerer som planlagt. For Noreg er heller ikkje noko glansbilete for heiltidskultur i dag.

Og det siste me treng no er at dei tilsette får eit «tilbod» om 5-timarskontraktar og deltid som standard i norske butikkar.

Denne kommentaren ble først publisert hos Agenda Magasin

13.02.2023
08:45
13.02.2023 08:52