Britiske Ryanair-pilotar går ut i streik for betre arbeidsvilkår
Fagforeiningane hevdar flyselskapet ikkje vil samarbeide. Snart kan også irske pilotar tilslutte seg Ryanair-streiken.
Ryanair
Saken oppsummert
hk-nytt@lomedia.no
Onsdag avgjorde British Airline Pilots Association (BALPA) at dei går ut i streik. 80 prosent av medlemmene stemte for streiken i ei uravstemming der 70 prosent deltok, ifølge ei pressemelding.
Streiken blir gjennomført 22. til og med 23. august samt 2. til og med 4. september.
Hovudkrava handlar blant anna om pensjon, forsikringar, godtgjeringar, fødselspermisjon og lønnssystemet. Ifølge fagforeininga har ikkje Ryanair komme dei i møte på nokre av krava.
Fagforeininga meiner leiinga manglar forståing for korleis ein samarbeidar med fagforeiningar og at Ryanair manglar vanlege standardavtaler.
Anerkjenner ikkje
Ryanair anerkjenner ikkje streiken, ifølge ei pressemelding der dei peikar på at berre halvparten av pilotane er medlem i fagforeininga. Dei meiner også den kjem for tett på brexit og vil føre til unødvendig forstyrring av kundane sine reiseplaner.
– Vi har ikkje fått noko formelt tilbod frå Ryanair og det er avgjerande at vi løysar denne konflikten raskt for å unngå streik. Ingen pilotar ønsker å øydelegge folk sine reiseplaner, men akkurat no ser det ikkje ut som vi har eit val, seier generalsekretær Brian Strutton i BALPA.
Fredag blir det klart om også irske pilotar i Irish Air Line Pilots Association (IALPA) går ut i streik etter manglande framgang i forhandlingar med arbeidsgivaren.
Frå før er det klart at portugisiske kabintilsette i Ryanair streikar fem dagar i august fordi Ryanair ikkje vil rette seg etter avtaler med fagforeininga.
Varslar oppseiingar
I førre veke varsla Ryanair-sjef Michael O'Leary oppseiingar på grunn av dårlege resultat, forseinking i levering av fly og bekymring for brexit utan avtale. Ifølge selskapet, er 1500 pilotar og kabintilsette overtallige.
Kjelder i fagforeiningane meiner derimot åtvaringa er ein trugsel mot pilotar som no bestemmer seg for om dei skal streike eller ikkje.
Ryanair-tilsette gjennomførte ei rekke streikar førre år og ein streikesommar utan like, etter at selskapet i slutten av 2017 anerkjente fagforeiningar som forhandlingsmotpart.
Flere saker
Verneombud Alexandra Grunnvåg håper overfallsalarmene kan gi en ekstra trygghet for ansatte.
Tonje Paulsen Solem
Trues av passasjerer: Alexandra og kollegaene får overfallsalarm
Bestemte kreftdiagnoser for brannkonstabler og feiere skal inn på listen.
Bjørn A. Grimstad
Lista over yrkessykdommer er fra 1958. Nå skal den oppdateres
STATSRÅDEN: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård var opptatt av å rose de ansatte på Gardermoen.
Jan-Erik Østlie
Åpnet nytt LO-senter på Gardermoen
LO-leder Kine Asper Vistnes.
Jan-Erik Østlie
Slik vil LO sikre ny pensjon til to millioner arbeidstakere
Slitertillegget vil gi flere muligheten til å gå av med pensjon som 62-åringer.
Brian Cliff Olguin
Flere kan gå av med pensjon tidlig
Daniel Walter representerer mange bekymrede medlemmer i OBOS.
Brian Cliff Olguin

